|
Tysdag 16. mars 2010 inviterte regattautvalet og T/H-utvalet på ein presentasjon av årets opplegg for Hjeltefjordtrim, med særleg fokus for dei som skal vera i startbåten i løpet av sesongen. Dette var eit fellesmøte med Askøy Seilforening i det nye klubbhuset i Anglevik. Kurset var ope for alle som ville læra meir om korleis ein arrangerer ein regatta.
Askøy Seilforening stilte med sine Hjeltefjordtrim-arrangørar.
Kjell Magnus frå regattautvalet gjekk gjennom årets seglingsvedtekter punktvis på storskjerm med høve til å stilla spørsmål frå salen.
Vidare vart det gått gjennom ein hugseliste for arrangøren med tanke på teknisk utstyr å ha med seg.
Alle årets Hjeltefjordtrim-arrangørar har tilbod om å tørrtrena som arrangør, under Expressklubben si vårsamling sundag 18. april og haustsamling sundag 8. august. Båe desse dagane er det sett av ein time til starttrening, noko som òg kan vera nyttig trening for arrangørane.
Hugseliste for arrangørar
Seilingsbestemmelser Hjeltefjordtrimmen 2010
 |