|
Resultatliste for Snøføyka 2012
Deltakarliste for Snøføyka 2012
Seglingsvedtekterfor Snøføyka 2012
Invitasjon til Snøføyka 2012
19. februar Det er gjort ein korreksjon i resultatlista på målgangstida på NOR 748 og NOR 14443. Ved ein feil vart det registrert at NOR 748 kom fyrst i mål, men det var altså NOR 14443 som kryssa mållina fyrst. Dette har ingen konsekvensar for plasseringar på resultatlista.
Artikkel om Snøføyka på kappseiling.no
Artikkel om Snøføyka på X-faktor si nettside
17. februar Kl. 1400: Seglingsvedtekter og endeleg deltakarliste med 21 påmeldte båtar er no publisert! Seminaret fredag kveld startar klokka 1900. Vêrmeldinga lovar sørvestleg vind frå 11 m/s minkande ned mot 8 m/s.
16. februar Kl. 1800: 20 påmeldte båtar! Seminaret fredag kveld startar klokka 1900. NOR 10272 Regina II trekkjer seg frå regattaen.
13. februar 14 påmeldte båtar! Ran Seilforening ber om at alle betaler startkontigenten per bank til kontonr. 9521.66.10068. Vêrmeldinga så langt tyder på plussgrader og bra med vind frå sørvest.
8. februar 10 påmeldte båtar! NOR 11548 er flytta frå turklasse til LYS med spinnaker
Program for Snøføyka
 Fredag klokka 1900 vert det foredrag i klubbhuset med Magnus Brun om vindskift. Magnus sit i trenarutvalet til Norges seilforbund, og har lang trenerrøysnle for jolleseglarar.

Foredraget vil fokusera på kva vindskift er, korleis ein kan forutsjå vindskifta, og korleis ein best kan vurdera risiko ut i frå dei vindskifta som kjem under ein regatta. Det vert òg presentasjon av seglingsvedtekter og vêrmelding,lett servering og sjølvsagt høve til ein god seglarprat.
 I forkant av regattaen vil det vera høve til å få tips på kaien i Anglevik frå Thomas Nilsson, North Sails. Etter regattaen vert det video der Thomas viser godbitar frå regattaen.
Invitasjon Snøføyka
 |