![]() |
|||||||||
Om nye www.ranseil.no |
|||||||||
I fyrste omgang ber me deg om å klikka gjennom www.ranseil.no og notera ned innspel og særleg om noko viktig manglar. Dette sender du så til ran.seilforening@gmail.com Epostadressa ran.seilforening@gmail.com vil fungerera som ein felles epostkonto for aktivitet knytt til nettsida www.ranseil.no, for å kunne administrera kalenderen og sjølve domenet www.ranseil.no. Passord for ran.seilforening@gmail.com vil verta distribuert til dei som treng det. Dersom du har stoff til vevsida, så sender du det til ranbilder@gmail.com Ikkje minst er det viktig med betre bilete på ein del av undersidene på ranseil.no! Når alle innspela er komen nokolunde på plass, vil det verta avvikla ein kurskveld med undervisning i korleis ein oppdaterer nettsida. Då vil alle som treng det få oppretta brukarnamn og passord, slik at ein kan logga inn på her og sjølv gjera dei endringar ein finn turvande. Helsing Ronald Toppe Reidun Erland Kjell Magnus Økland Arne Vidar Brekke I utkanten av internett, 13. mars 2009 |
|||||||||